Attraksjonar

Området er ikkje berre kjent for den vakre naturen: den Grøne Sløyfa kan også by på spor etter rike kulturtradisjonar og tilby ein hyggeleg handel med kunst og brukskunst. I tillegg til fleire fine kunstgalleri finst her også spesielle utsal av ullvarer.

Kulturminne

Brørvikskuto

BrørvikskutoDen rekonstruerte vedaskuta Brørvikskuto, er vorte ein flytande tradisjonsberar av fjordkulturen i Nordhordland. Då dampskipa kom inn i fjordferdsla på midten av 1800-talet fekk det dramatiske følgjer for skutetrafikken. Det å verta transportert i ein så stor, open båt er ei oppleving i seg sjølv. Aktivitetar som roing, segling og knuteslåing engasjerer både liten og stor. Her får du gode opplevingar på fjorden kombinert med soga til fjordferdsla.
Meir informasjon om Brørvikskuto finn du her

Skipshelleren

SkipshellerenPå denne over 7000 år gamle buplassen kan ein drøyma seg attende til steinalderen, då menneska hadde heilt andre vanskar i livet enn dei me strir med. Kampen for å finna noko å metta seg med, t.d. Her er også ei Jungelløype der borna kan boltra seg med å balansera på tau i trygg høgd over bakken.
Meir informasjon om Skipshelleren finn du her

 

Kunst og brukskunst

Atelier Midtun
Midt i Mo sentrum finn du arbeids- og utstillingslokalet for biletmakaren Jarle Midtun. Atelieret har ikkje faste opningstider, men du er alltid hjarteleg velkomen for å sjå på bileta.
Meir informasjon om Atelier Midtun

Galleri Trefall
På den koselege garden Trefall i Eksingedalen bur kunstmaler Svein Trefall. Her skaper han naturalistiske oljemaleri med motiv henta frå det dramatiske fjell landskapet i Eksingedalen. Visning etter avtale.

Mobryggja
På Mobryggja i Mo sentrum finn du både kunstgalleri og gåvebutikk.

Fjordangora
Visste du at angoraull frå angorakaniner har større isolasjonsevne enn noko anna ull? Det kjem av dei fine håra og at ein del av håra har luftkammer i midten. Angoraull isolerer heile 10 gonger betre enn saueull og kan ta opp 4 ganger si eiga vekt med fuktigheit utan å mista isolasjonsevna! Angoraull har også ei elektrostatisk avleiiingsevne som kan bidra til å lindra smerter frå revmatiske lidingar. 
Utsalet finn du på Eidsland, her finn du eit stort utval av gode strikkevarer!
Meir informasjon om Fjordangora

Dale of Norway
Nytt høvet til å gjera eit godt kjøp på fabrikkutsalet på Dale! Her er eit stort utval av dei gode, velkjende ullvarene til gode prisar.
Les meir om fabrikkutsalet til Dale of Norway