Aktivitetar

Fiske

EidslandetDen Grøne Sløyfa er eit eldorado for sportsfiske i sjø, elv eller vatn. I Teigdalen, Ekso og Modalselva kan du fiske etter laks og sjøaure. Fiske i Den Grøne Sløyfa gjev avkopling , ro i sjela og opplevingar av vakker natur og lita trengsle.

Midt i Eksingedalen har det i fleire år vore drive kultiveringsarbeid, og her kan du no oppleve at brunaure på over kiloet slår etter fluga!

Informasjon om fiskekort og utleige av båt i elv og vatn får du hos elveeigarlaga og på daglegvarebutikkane. Fleire av overnattingsstadene langs elvane sel og fiskekort.

Tilbydarar

  • Fadnes og Mestad Elveeigarlag
  • Øvre Teigdalen Elveeigarlag
  • Patina Evanger
  • Ekso Elveeigarlag
  • Modalen Elveeigarlag
  • Nærbutikken på Eidsland
  • Eksingedalen Hest- og fjellgard

Sykling

«Den Grøne Sløyfa – turen fra Evanger, ned Eksingedalen og langs Bolstadstraumen til Dale er en av landets flotteste sykkelturer. Punktum.»  Sykkelturist i Sløyfa.

Det er godt å vere sykkelturist i Den Grøne Sløyfa både for liten og stor. Ein av landets flottaste sykkelvegar, Nasjonal sykkelveg 4, går gjennom Den Grøne Sløyfa. Denne er knapt 90 km og startar på Evanger, går inn Teigdalen og over Nesheimsfjellet til Nesheim, ned Eksingedalen til Eidsland og vidare ut langs fjorden til Dale. Det finst og ei rekke anleggsvegar som ber til fjells og som er gode sykkeltrasear. Sykkel kan du leige hos Mestad Camping i Teigdalen og hos Aktiv i Modalen i Modalen. Mestad Camping tilbyr òg transport av folk og syklar opp den bratte Brekkhuslia til toppen av Nesheimsfjellet.

Sykkelutleige

  • Mestad Camping (tilbyr og transport)
  • Aktiv i Modalen

Turforslag

Nasjonal sykkelveg 4: Frå Evanger til Dale via Teigdalen, Eksingedalen , Eidsland og Straume. Eller omvendt. Sykkel kan du ta med på toget (www.nsb.no), verdens beste nistepakke får du hos Patina på Evanger, hos Mestad Camping kan du bestille skyss opp Brekkhuslia til toppen av Nesheimsfjellet viss du helst vil unngå manuell forsering av 700 m bratt stigning. I Eksingedalen kan du bestille overnatting på Haugen Fjellgard eller i Godmorstova. På Lavik og Eidsland finn du daglegvarer, og undervegs anbefalar vi ein stopp ved Skipshelleren på Straume der du kan få med deg historia tilbake til Steinalderen i dette området.

Modalen på langs: Sykle frå fjøresteinane til høgfjell – 30 km frå Mo til Stølsdammen
Ei spektakulær oppleving langs Moelva frå munning til kjelde. Du kan leige sykkel hos Aktiv i Modalen i Mo sentrum dersom du ikkje har din eigen. Vel ein sykkel med dekk som tåler grusveg. Dei første 25 km syklar du langs fylkesveg 569 innover i Modalen der små tettstader og gardstun ligg som perler på ei snor. Når du kjem inn til Steinsland går asfalt over til grus, og du føl anleggsvegen forbi Heimrestølen og vidare opp til den monumentale demninga Stølsdammen på ca. 600 m.o.h. Sjekk at bremsene fungerer slik dei skal før turen ned igjen!

Langs Moelva frå Mo til Nedre-Helland. Flott familietur på 10 km, dei første 5 km på grus/sti og retur langs fylkesvegen. På Nedre-Helland ligg Modalen barnehage med leikeplass og natursti i skogen.

Sykkel-/køyretur frå Evanger til Volademningen. Start på Evanger med en tur innom Patina for tips, en kopp kaffi og matpakke. Deretter går turen heilt til endes til Brekkhus i Teigdalen. Anleggsvegen til fjells startar her og endar ved Volademningen. Derfrå er det kort og familievennleg veg inn til Volahytta som er ei sjølvbetjent turlagshytte.

GPS:

  • Koordinatar Mo: 60.81472, 5.80214
  • Koordinatar Stølsdammen: 60.97149, 6.05809

 

Fjellturar

Solrenningsdalen (Vøvringedalen)Du finn eit stort mangfald av vandreturar og villmarksopplevingar i Den Grøne Sløyfa. Det går merka og skilta turvegar til stølar i alle dalføra, og fleire av stølane har stølshus du kan leige med familie eller vener. Opplev ekte stølsmiljø der dyra går fritt, og der du hentar kjeldevatn frå bekken og fyrer med ved. Du kan velje kortare turar som passar for barn, oppleve roen ved fleire dagars vandring frå hytte til hytte eller leige ein guide som gir deg dei lokale historiene om staden i nåtid og fortid. Vidare frå stølsområda i Den Grøne Sløyfa går vegen inn i Stølsheimen eller Bergsdalsfjella der Turistforeningen har godt merka ruter og eit nettverk av hytter.

Tilbydarar

  • Guida turar i Modalen: Aktiv i Modalen
  • Villmarksaktivitetar: Småbrekke Villmarkscamp

Våre beste turtips

2,5-dags rundtur i Stølsheimen: Dette er ein strålande helgetur som du kan starta etter jobb fredag og vere tilbake søndag ettermiddag – rik på opplevingar frå fjørestein til høgfjell. Start turen like vest for Mo sentrum i Modalen og gå til Otterstadstølen, det tek om lag ein time. Her kan du bestille overnatting i stølshus hos Aktiv i Modalen. Neste dag går etappen nord-vestover til du finn T-merka løype mot Skavlabu – ein luftig heildagstur som tek deg opp til toppunkt på 1000 m.o.h. Sundag tar du løypa frå Skavlabu til Mo sentrum anten beinlinja eller via Hellandsdalen. Prikken over i-en er eit herremåltid med lam eller aure hos Mobryggja før du finn bilen og drar heim.

T-merka sti frå Evanger til Alexander Grieg-hytta i Bergsdalen

Tur frå Bergsdalstunet til Verpelstad Gard