Velkommen

Modalen, Eksingedalen og BergsdalenFramleis finst det stader der tida ser ut til å ha stått stille. Eitt av desse fjell- og fjordlandskapa går under namnet Den grøne sløyfa, og er ein vakker avstikkar frå hovudvegen mellom Voss og Bergen. Her ligg gamle gardar og små kvite trekyrkjer mellom stupbratte fjell og ville fossefall. Berre vel ein times biltur frå Bergen – og du vert sett attende til ei heilt anna tid og verd, der mas og larm ikkje finst

Den Grøne Sløyfa er staden for deg som vil tett på naturen – oppleve fjord, fjell, frodige kulturlandskap eller urørt villmark. Den Grøne Sløyfa er eit yrande nettverk av små reiselivsbedrifter som gir deg dei gode opplevingane anten du ynskjer aktivitet eller stillheit og ei god seng.

Padling på Veafjorden i NordhordlandDen Grøne Sløyfa har dei beste tilboda innan sykling, vandring og fiske. Nasjonal sykkelveg nr. 4 slynger seg gjennom Sløyfa, og Stølsheimen og Bergsdalsfjella ynskjer velkommen til både små og store vandrarar. Ta ei rundreise i Den Grøne Sløyfa – få med deg sjarmerande, gjestfrie Evanger, ta barna med på sykkeltur der trafikken går langsamt, padla på Veafjorden, eller ta ein dukkert. Legg neste kurs eller konferanse til Brekkhus, Bergsdalen eller Verpelstad, opplev fosselandskap og gardsferie i Eksingedalen, bli med til støls med guide og få kunst- og matopplevingar i landsbyen Mo i Modalen, eller leig en båt og ta ein fisketur på Eidsfjorden. Uansett kva du vel: gode opplevingar ventar på deg!